Vaksine mot Covid-19
Voss herad er i full gang med å vaksinera innbyggjarane mot covid-19. Følg med på deira heimesider for informasjon om når/kor/kven: Om vaksine - Voss herad
Koronavaksinasjon er gratis og det er heradet si plikt å tilby deg vaksinering.
Hjelp gjerne kvarandre med registreringa. Du kan få ein som står deg nær til å hjelpa deg. Viss du er den som hjelper, logg deg inn med din eigen bank-ID og registrer vedkommande som ynskjer vaksine.
( https://voss.herad.no – samleside om corona)
Når det vert di gruppe som skal få vaksine vil du få ei melding der du kan gå inn og velja deg time.
I veke 11 startar heradet vaksinering av aldersgruppe 75-84 år, gruppe 3
Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler no å gi AstraZeneca-vaksinen til alle over 18 år,vaksinasjon av 18-64-åringer med underliggende sykdommer med særlig høy risiko for alvorlig forløp, skal fortsatt få mRNA-vaksine. FHI 09.03.2021
Heradet får både AstraZeneca og Comirnaty frå Pfizer, ein kan ikkje velgje den eine framfor den andre.
Dersom du ikkje kan registrera deg digitalt eller har andre spørsmål om koronavaksineringstilbodet i Voss herad ring vår koronatelefon på
tlf: 900 89 662 på kvardagar frå kl. 09-12, tast 2 for vaksinering.
Nasjonale retningslinjer for prioritering vert fylgd.
Prioriteringsrekkefylgje av risikogruppene er slik:
1. Bebuarar i sjukeheim
2. Alder 85 år og eldre + helsepersonell
3. Alder 75-84 år + helsepersonell
4. Alder 65-74 år + helsepersonell
og samtidig personar mellom 18* og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp (merket med * i lista over risikogrupper under)
5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand (sjå lista over risikogrupper under)
6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
8. Alder 55-64 år
9. Alder 45-54 år
10. Alder 18-44 år