Vi som arbeider her:

Litt om oss ved Vossevangen Legesenter! Her kan du og gje attendemelding til din fastlege og besvara spørjeskjema om legekontoret.

Vigleik Kolltveit

Allmennpraktiserande fastlege MDNLF - spes. i allmennmedsin. Cand. med. (lege) ved Universitetet i Bergen 1983. Seinare turnuslege ved Sentralsjukehuset i Sogn og fjordane (Førde) og Lindås. 1 år som lege/løytnant ved Haakonsvern orlogsstasjon. 1 år som lege ved Bergen Legevakt. Spesialist i allmennmedisin frå 1991. Erfaren fastlege som har drive praksis på Vossevangen sidan 1989. Har tidlegare hatt tilleggsstilling som tilsynslege ved rehab.senter, helsestasjonslege/skulelege/sjukeheimslege. Sertifisert petroleumslege. Vidareutdanning i Kognitiv terapi og Ultralyd i allmennpraksis. Tilstades alle vekedagane.

Jarle Tveit

Allmennpraktiserande fastlege MDNLF. Cand. med. (lege) ved Universitetet i Oslo 1980. Erfaren fastlege som har drive praksis på Vossevangen sidan 1983. Allsidig kompetanse innan det allmennmedisinske spesiale. Har tidlegare hatt tilleggsjobb som tilsynslege ved Hagahaugen aldersheim. Sertifisert petroleumslege. Deleliste med Rønnaug Een frå 010918. Jarle er tilstades mandag og torsdag, og annakvar onsdag.

Knut Eirik Ringheim Eliassen

Allmennpraktiserande fastlege MDNLF - spes. i allmennmedsin. Utdanna lege ved Syddansk universitet, Danmark i 2005, og har erfaring fra allmennmedisin/legevakt, og 1 år på Medisinsk avdeling, Voss sjukehus.  Han har i tillegg bl a hatt verv i Legeforeninga, vore sekretær for «Nasjonale faglige retningslinjer for antibiotikabruk i primærhelsetjenesten», medlem av «Spesialistkomitteen for allmennmedisin» og «Norsk forening for allmennmedisin – Fagråd» og har doktorgrad  i allmennnmedisin. Sidan 010919 er han i tillegg førsteamenuensis ved Universitetet i Bergen 50%, og deler ansvaret for pasientlista med vikar Kelsey Caroline Sletner frå 010921. Knut Eirik er tilstades mandag, tysdag og annakvar torsdag.

Rønnaug Een

Allmennpraktiserande fastlege MDNLF - spes. i allmennmedsin. Cand. med. (lege) ved Universitetet i Bergen 2010. Turnuslege Voss Sjukehus og Voss kommune. Seinare lege ved Medisinsk avd Voss sjukehus, og kommunelege Voss kommunelegekontor. Tilleggsstilling som  medisinsk fagleg ansvarleg lege for Voss Interkommunale Legevaktstasjon. Sertifisert petroleumslege. Deleliste med Jarle Tveit frå 010918. Rønnaug  er tilstades tysdag og fredag, og annakvar onsdag.

Petter Røhmesmo

Allmennpraktiserande fastlege MDNLF. Utdanna cand. med. (lege) ved Universitetet i Krakow 2014. Seinare turnuslege Voss Sjukehus og Eidfjord kommune. 1 års sjukehuspraksis på Voss DPS, Bjørkeli. Tilleggsstilling som skulelege Voss ungdomsskule kvar torsdag kl 1245-1430. Tilstades alle vekedagane.

Beate Christin Hope Kolltveit

Spesialsjukepleiar i diabetes med mange års erfaring frå primærhelsetenesta (pleie og omsorg/sjukeheim/legesenter), og spesialisthelsetenesta (medisinsk avd/intensiv avd/akutt mottak/AMK-sentral). Utdanning: grunnfag i administrasjon og organisasjonsvitskap, samt grunnfag i psykologi ved UiB. Vidareutdanning i palliativ omsorg og diabetes. Master i klinisk sjukepleie/diabetes. Doktorgrad innan diabetes november 2017. For tida også postdoktorstilling innan diabetes ved Høgskolen på Vestlandet.

Anita Bø Røen

Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukehus, sjukeheim og primærhelsetenesta. Ho har spesialkompetanse innan kostveiledning, livsstilsveiledning (bl.a. bachelor oppgåve om ernæring) og reisemedisin. Tilleggsstilling som dagleg leiar ved legesenteret.

Randi Eide Nesheim

Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukehus og primærhelseteneste. Ho har bl.a. spesialkompetanse innan sår/sårbehandling og lab.

Ragnhild Raa Ravndal

Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukehus, sjukeheim og primærhelseteneste. Ho har spesialkompetanse innan astma/KOLS/lungesjukdomar.

Laila Ringheim

Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukehus, sjukeheim og primærhelseteneste. Ho har spesialkompetanse innan astma/KOLS/lungesjukdomar.

Synnøve Grevle Vik

Legesekretær med mange års erfaring frå primærhelseteneste. Ho har spesialkompetanse innan hjelp til røykeslutt.

Trine Gjerldstveit

Legesekretær med mange års erfaring frå sjukehus og primærhelseteneste. Ho har og spesielt ansvarsområde innan administrasjon.

Bodil Hordvik

Helsesekretær med mange års erfaring frå hudlegekontor og primærhelseteneste. Ho har spesialkompetanse på sårbehandling og hudsjukdomar.

Jonas Bucher

byrja hos oss 070920 (tok over praksisen til Jakob Virenfeldt Christiansen). Allmennpraktiserande fastlege MDNLF. Utdanna cand. med. (lege) ved Universitetet i Bergen 2018. Seinare turnuslege ved Nordlandssykehuset i Vesterålen og Hadsel kommune. Tilstades alle vekedagane.

Kelsey Caroline Sletner

byrja hos oss 010920 som vikar i 50% stilling (deler då pasientlista med Knut-Eirik). Allmennpraktiserande fastlege MDNLF. Utdanna cand. med. (lege) ved Universitetet i Bergen 2016. Seinare turnuslege ved Voss Sjukehus og Voss kommune. 1 år som sjukehuslege i Voss herad. Kelsey er tilstades onsdag og fredag.

Turnuslege

som er hos oss september-mars eller mars-september

Medisinstudentar

er utplassert ved legesenteret regelmessig

Vossevangen Legesenter AS

Alle rettigheter 2019 | Senter for Kvalitet i Legekontor - SKIL AS
Nefle er utviklet og eiet av SKIL, med midler fra Den Norske Legeforening

Administrer tilgang


NefleDen Norske Legeforening