Hopp til hovedinnhold
Vossevangen Legesenter

Aktuelt

Vi gratulerer Beate-Christin som nyutnevnt professor ved Høgskulen på Vestlandet!

Oppdatert

Det er ikkje mange legekontor/legesenter som kan skilta med å ha ein professor med på laget!

Beate-Christin Hope Kolltveit: Professor i allmennsjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet. Spesialsjukepleiar i diabetes med mange års erfaring frå primærhelsetenesta (pleie og omsorg/sjukeheim/legesenter), og spesialisthelsetenesta (medisinsk avd/intensiv avd/akutt mottak/AMK-sentral). Vidareutdanning i palliativ omsorg og diabetes. Studieprogram ansvarleg for masterutdanninga i allmennsjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet. Medlem i Nasjonalt fagråd for diabetes (rådgjevande organ for Helsedirektoratet).

Nytt: Digitalt Helsekort for Gravide

Oppdatert

Alle nye gravide kan no aktivera Digitalt Helsekort for Gravide (istadenfor papirversjonen som har vore hittil). Den gir store fordeler for den gravide, fastlegen, jordmor og Fødeavdeling.

Viktig at den gravide aktiverer tenesta og fyller ut sin del på Helsenorge FØR første kontrollen hos fastlegen.

Meir info (åpnes i ny fane)

Nytt: Pasientens prøvesvar

Oppdatert

Ny ordning: Du får no tilgang til dine prøvesvar direkte på Helsenorge (du får SMS med informasjon om at du kan sjå prøvesvara på Helsenorge).

• Vanlege blodprøver: umiddelbart
• Biletdiagnostikk (Rtg/CT/MR) og patologisvar (biopsi/vevsprøvar): 2 veker etter undersøkinga
• Genetiske prøver: 3 mnd etter undersøkinga

Rutinen vår er at du vert kontakta av fastlegen din dersom prøvesvaret krev tiltak

Meir info (åpnes i ny fane)

Vaksiner til vaksne - Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Oppdatert

Nokon vaksiner er tilrådd for vaksne, anten for å friska opp vaksinar ein fekk som barn, eller fordi risikoen for å få alvorleg forløp av nokon sjukdomar aukar med alderen.

Alle vaksne vert tilrådd ein fornying av vaksine mot kikhoste/stivkrampe/difteri/polio (alt i ein vaksine) kvart 10. år.

Alle >65 år eller med kronisk sjukdom vert tilrådd vaksine mot influensa (årleg), lungebetennelse (pneumokokk) (kvart 6. år) og Covid (årleg). I det nye Vaksenvaksinasjonsprogrammet endrar ein til ein ny type vaksine vaksine mot lungebetennelse (pneumokokk) som kun skal takast 1 gong i livet (det året du fyller 65 år).

Vaksiner til vaksne (åpnes i ny fane)

Grupper som er tilrådd influensavaksine årleg, og pneumokokk-("lungebetennelse") vaksine kvart 6. år

Oppdatert

Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko
Beboere i omsorgsboliger og sykehjem
Alle fra fylte 65 år
Barn og voksne med: -diabetes type 1 og 2
-kronisk lungesykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
-kronisk nevrologisk sykdom eller skade
-nedsatt immunforsvar
-svært alvorlig fedme (KMI over 40)
-annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Helsepersonell som har pasientkontakt.
Husstandskontakter til immunsupprimerte pasienter
Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende griser.

"KLOKE VALG"

Oppdatert

Gjer kloke valg-kampanjen er ein norsk versjon av den internasjonale Choosing wisely-kampanjen som starta i USA i 2012. Hensikten er å redusera overdiagnostikk og overbehandling i helsevesenet. Mange undersøkingar og behandlingar er ikkje berre unødvendige, men kan og vera skadelege.

Her finn du råd om prøvar, testar, prosedyrer og undersøkingar som ikkje alltid er nødvendige, og plager som ikkje alltid skal behandlast.

Les meir: (åpnes i ny fane)

Reisevaksinasjon

Oppdatert

Her finn du kva reisevaksiner som er tilrådd for reisemålet ditt, og korleis du kan beskytta deg på reisa:

FHI Smittevernråd (åpnes i ny fane)

Legesenteret er ein del av primærhelsetenesta i Voss kommune, og gjer alt av allmennlegetenester

Oppdatert

Legesenteret er ein del av primærhelsetenesta i Voss kommune, og gjer alt av allmennlegetenester (førebygging, behandling, rehabilitering og lindring) for pasientane våre.
I tillegg er legesenteret tilknytt Universitetet i Bergen som praksislærarstad for medisinske studentar.

Vi har fokus på god tilgjengelegheit, pasientsentrert praksis og eit høgt fagleg nivå innanfor alle greiner av allmennmedisinen.

Vi har eit erfarent og kompentent personale av sjukepleiarar og helsesekretærar, med god kompetanse innan diabetes, kosthald/mosjon, livsstilsveiledning, sårpleie, astma/KOLS, reisevaksinasjon m.m. Desse vil kunne gje deg gode råd. I mange konsultasjonar vil du møta desse kompetente sjukepleiarane, som samarbeider tett med legen.

Vi er og tilgjengelege for telefon/e-konsultasjon, videokonsultasjon eller sjukebesøk dersom det er vanskeleg å koma til legesenteret.

Vi oppfordrar alle til å bruke heimesida til timebestilling/avbestilling, reseptbestilling, e-kontakt og e-konsultasjon, då det alltid på legekontor er ein stor utfordring å ha god tilgjengelegheit på telefon.

Nytt screeningtilbod: Tarmkreftscreeningprogrammet

Oppdatert

Tarmscreeningprogrammet - det nasjonale programmet for screening av tarmkreft, inviterer kvinner og menn fom. det året dei fyller 55, og annakvart år i 10 år. Alle deltakarane mottek ein test for å sjå om der er blod i avføringa. Testen får du tilsendt i posten og takast heime, før du sender den vidare til analyse. Dei som er fødde i 1967 og seinare vil motta tilbudet.

Hvis testen viser blod i avføringa, vil du bli henvist til koloskopi på nærmaste screeningsenter, som er tilknytt eit sykehus (hos oss: Haukeland Universitetssjukehus).

Å delta i et screeningprogram gir ingen garanti mot tarmkreft i framtida. Difor bør du ta kontakt med fastlegen din om du opplever vedvarande plager fra tarmen, også om du nyleg har delteke i screeningprogrammet. Eksempler på slike symptom er:
- blod i avføringa
- vedvarande endring av avføringsmønster
- at du går ned i vekt uten å skjøna kvifor
- vedvarande kjensle at tarmen ikkje vert tømt

Les meir (åpnes i ny fane)