Nyhende

Legekontoret

Nytt screeningtilbod: HPV heimetest for kvinner som ikkje kan ta livmorhalsprøve ved gynekologisk undersøking

(Meir informasjon: HPV hjemmetest via fastleger)

I slutten av 2023 starta utrulling av HPV heimetestar til fastlegar. No er tilbodet tilgjengeleg på alle fastlegekontor i Norge.

Vi forstår at mange synest det er vanskeleg å ta livmorhalsprøve ved gynekologisk undersøking (GU) hos fastlegen. Hvis dette gjeld deg, kan du snakka med fastlegen din om alternative løysingar, for eksempel om ein annan (t d kvinneleg) fastlege kan ta prøven. HPV heimetest kan og vera eit alternativ for deg.

Kven kan få HPV heimetest frå fastlegen?

  • Kvinner og andre med livmorhals over 25 år som ikkje tek livmorhalsprøver pga fysiske, psykiske eller kulturelle utfordringar med GU.

For eksempel kvinner som:

  • Aldri / ikkje har teke livmorhalsprøve på mange år
  • Har blitt utsett for vald eller seksuelt traume
  • Har funksjonshemningar
  • Er omskårne
  • Har andre utfordringar med å gjennomføra ein GU

Skal heimetesten erstatta livmorhalsprøve ved GU?

Heimetest skal ikkje erstatta den ordinære livmorhalsprøven. Den skal fungera som eit alternativ for pasientar som ikkje ønskjer GU, men ordinær livmorhalsprøve er framleis å føretrekkja. Då kan den samme prøven analyserast for celleforandringar i mikroskop, og legen kan gjera ein klinisk vurdering. Dette kan ikkje gjerast ved heimetest.

Kva skjer hvis pasienten får påvist HPV?

Heimetesten kan analysereast for HPV, men ikkje celleforandringar. Dersom HPV vert påvist, bør det difor takast ein livmorhalsprøve ved GU. Når prøvesvaret frå heimetest føreligg, bør du ha ein samtale med fastlegen om kva alternativ som er best; å ta livmorhalsprøve hos fastlegen (ev annan, kvinneleg fastlege) eller henvisast til gynekolog.