Nyhende

Viktig informasjon

Legekontoret

Legesenteret er ein del av primærhelsetenesta i Voss kommune, og gjer alt av allmennlegetenester (førebygging, behandling, rehabilitering og lindring) for pasientane våre.

I tillegg er legesenteret tilknytt Universitetet i Bergen som praksislærarstad for medisinske studentar.

Vi har fokus på god tilgjengelegheit, pasientsentrert praksis og eit høgt fagleg nivå innanfor alle greiner av allmennmedisinen.

Vi har eit erfarent og kompentent personale av sjukepleiarar og helsesekretærar, med god kompetanse innan diabetes, kosthald/mosjon, livsstilsveiledning, sårpleie, astma/KOLS, reisevaksinasjon m.m. Desse vil kunne gje deg gode råd. I mange konsultasjonar vil du møta desse kompetente sjukepleiarane, som samarbeider tett med legen.

Vi er og tilgjengelege for telefon/e-konsultasjon, videokonsultasjon eller sjukebesøk dersom det er vanskeleg å koma til legesenteret.

Vi oppfordrar alle til å bruke heimesida til timebestilling/avbestilling, reseptbestilling,  e-kontakt og e-konsultasjon, då det alltid på legekontor er ein stor utfordring å ha god tilgjengelegheit på telefon.