Generelle råd om helse

MOSJON:

Mosjoner regelmessig (målet er at alle skal vera tungpusten og sveitt > 1/2 time kvar dag). Gå/sykla heller enn å ta bilen! Gå trappa heller enn å ta heisen!

KOST:
– Et «middelhavsdiett»
* meir frukt og grønnsaker
* meir fisk og mindre kjøt og mjølkeprodukt
* bruk olje, gjerne olivenolje som feitt i matlaginga
* godt vaksne som ikkje har alkoholproblem kan nyta eit glas raudvin til maten ein gong i blant

KOSTTILSKUDD
– Ta litt tran, men ikkje meir enn tilrådd, og ikkje saman med andre A-vitamintilskot
– Drikk meir te enn kaffi
– Unngå overvekt

HELSERÅD
– Prøv å gjera det beste ut av kvar dag: unn deg en god latter og finn stunder som kan gi ro og glede
– Prøv å oppleva dagslyset om vinteren
– Ikkje bruk tobakk. Tobakksbruk gjev dårleg helse og forkortar livet
– Ta folinsyretilskot hvis du planlegg svangerskap

RØYKESLUTT
Ynskjer du slutta røykja? Gode råd finn du hos RØYKETELEFONEN 80040085, eller
www.slutta.no. Det finst i dag eit par reseptbelagt preparater som dempar røyksuget og gjer overgangen til eit nikotinfritt liv enklare. Dersom du ynskjer slik hjelp til røykeavvenning må du bestilla ein konsultasjonsavtale.

Helsesjekk

Skal du oppsøkja lege dersom du føler deg frisk?
Nei, vanligvis ikkje, men vaksne personar bør konsultera lege dersom:

– dersom det er grønn stær (glaukom) i familien, for å få målt trykket på augene
– dersom nære slektningar har høgt blodtrykk eller er blitt ramma av slag, for å få målt blodtrykket og fastende feitt- og kolesterolverdiar.
– dersom nære slekningar har sukkersykje (diabetes mellitus), høgt kolesterol, angina eller har hatt hjerteinfarkt, slik at det kan gjerast ei risikovurdering med måling av fastande kolesterol og eventuelt blodsukker.
– dersom det er stor opphopning av livmorhole- eller tjukktarmskreft i slekta

Spesiell for kvinner

Kvinner mellom 25 og 70 år vert tilrådd ei underlivsundersøking for å ta celleprøve frå livmorhalsen kvart 3. år.
Mange unge kvinner får jernmangel. Kroppen sitt jernlager kan kontrollerast med ein enkel blodprøve. I den befruktningsdyktige alder, når kvinna menstruerer og føder barn, blir det norske kostholdet ofte for jernfattig, og det kan oppstår jernmangel. Jernmangel kan føre til auka sjukdomstendens, sjølv om det ikkje utviklar seg anemi (blodmangel).
Våre viktigaste jernkjelder er grovt brød, raude og grøne grønsaker, kjøt og innmat. For enkelte kvinner kan det vera behov for jerntilskot til kostholdet, men jerntilskotet skal i så fall doserast rett. For stor jerntilførsel er sannsynligvis skadeleg.
Kvinner som har to eller fleire nære slektningar som har fått brystkreft og – eller eggstokkreft skal kanskje innlemmast i eit spesielt overvakingsprogram, og bør snakka med legen sin.