E-konsultasjon med legen

E-kontakt med legekontoret

Bestill ein time direkte

Forny reseptane dine

AKUTT SJUK? RING, IKKJE SKRIV! Du når oss på 56 53 30 90, legevaktsentralen på 116 117 eller nødsentralen på 113.

Velkomen til Vossevangen Legesenter

Her har vi fokus på god tilgjengelegheit, pasientsentrert praksis og ikkje minst høgt fagleg nivå innanfor alle greiner av allmennmedisin.

Vi har prioritert eit erfarent og kompentent personale av sjukepleiarar og helsesekretærar, med spesialkompetanse innan diabetes, kosthald/mosjon, livsstilsveiledning, sårpleie, astma/KOLS, reisevaksinasjon m.m. Desse vil kunne gje deg gode råd. I mange konsultasjonar vil du møta desse spesialkompetente sjukepleiarane, som samarbeider tett med legen.

Vi oppfordrar alle til å bruke heimesida til reseptbestilling og timebestilling, og avbestilling av time, då det alltid på legekontor er ein stor utfordring å ha god tilgjengelegheit på telefon.

IMG_3634

Mer informasjon

Åpningstider

Se våre åpningstider for fremmøte og telefonkontakt

Kontakt

Detaljert kontaktinformasjon til legesenteret med råd om parkering

Prisar

Vil du vita meir om våre prisar og tariffar klikk her.

Nyttige linkar

Link til Noregs offentlege og private helseportalar, sjå dei viktigaste linkane her

“På Vossevangen Legesenter er du alltid i gode hender”

Praktisk

Vaksinasjonar

Influensavaksinasjon og pneumokokkvaksinasjon er viktige for mange pasientgrupper for å førebyggja alvorleg sjukdom

Skal du reise utanlands?

Vi tilbyr rådgjeving om helse og utstyr. Har du bruk for vaksinasjonar eller malariamedisin?

Førarbevis

Førarbevis må fornyast kvart 5. år for større klassar og etter 75 år for vanleg bil. Gje beskjed ved timebestilling.

Graviditet

Svangerskapet kan by på mange utfordringar. Finn din veg gjennom anbefalingane her.

Om oss

Jelena Lazetic-Marinkovic

Jelena Lazetic-Marinkovic

Lege
Jelena Lazetic-Marinkovic har sidan desember 2013 arbeid som allmennpraktiserande fastlege ved Vossevangen Legesenter. Ho er norsktalande og flytta til Norge i 2009. Utdanna i Serbia 2006, har jobba som allmennlege/legevaktslege i Serbia og har dessutan erfaring fra sjukeheim.
Jakob Virenfeldt Christiansen

Jakob Virenfeldt Christiansen

Lege
Jakob Virenfeldt Christiansen starta januar 2014 opp som allmennpraktiserande fastlege ved Vossevangen Legesenter. Han er utdanna ved Aarhus Universitet, Danmark i 2012 og har erfaring frå akuttmedisin, infeksjonssjukdomar og kirurgi. Tilleggsjobb som medisinsk fagleg ansvarleg lege på Voss Interkommunale Legevaktstasjon og Interkommunal Legevaktsjef. I permisjon i 1 år frå 130616 pga utdanning til spesialist i allmennmedisin. Vikar: Rønnaug Een.
Vigleik Kolltveit

Vigleik Kolltveit

Lege
Allmennpraktiserande lege MDNLF - spes. i allmennmedsin. Utdanna cand. med. (lege) ved Universitetet i Bergen 1983. Seinare turnuslege ved Sentralsjukehuset i Sogn og fjordane (Førde) og Knarvik. Etter dette stort sett allmennpraksis. 1 års teneste ved Bergen Legevakt. Spesialist i allmennmedisin frå 1991. Allmennpraksis på Voss sidan 1989. I mange år tilleggsstilling som helsestasjonslege Voss helsestasjon, skulelege ved Voss Ungdomsskule, no tilsynslege på Vetleflaten omsorgssenter kvar tysdag frå kl 0900-1200.
Jarle Tveit

Jarle Tveit

Lege
Kandidat fra Oslo Universitet i 1980. Erfaren fastlege som har drive praksis på Vossevangen sidan 1983. Allsidig kompetanse innan det allmenmedisinske spesiale. Tek ikkje pasientar på onsdagane, då denne dagen er reservert til administrativt arbeid. Fusjonerte januar 2016 sin fastlegepraksis med Vossevangen Legesenter.
Petter Røhmesmo

Petter Røhmesmo

Lege
Allmennpraktiserande lege. Utdanna cand. med. (lege) ved Universitetet i Krakow 2014. Seinare turnuslege Voss Sjukehus og Eidfjord kommune. Han overtok praksisen til pensjonerte fastlege Gjermund Valland 010116, og starta opp ved Vossevangen legesenter. Tilleggsjobb som skulelege ved Voss ungdomsskule 2 timar kvar torsdag.
Beate-Christin Hope Kolltveit

Beate-Christin Hope Kolltveit

Sjukepleiar
Spesial sjukepleiar i diabetes med mange års erfaring frå primærhelsetenesta (pleie og omsorg/sjukeheim/legesenter), og spesialisthelsetenesta (hudlege/medisinsk avd/intensiv avd/akutt mottak/AMK-sentral). Utdanning: grunnfag i administrasjon og organisasjonsvitenskap, samt grunnfag i psykologi ved UiB. Vidareutdanning i palliativ omsorg og diabetes. Master i klinisk sjukepleie/diabetes. For tida doktorgradsstipendiat innan diabetes ved Universitetet og Høgskolen i Bergen (75% stilling), og diabetessjukepleiar ved Vossevangen legesenter (20%). Reknar med å fullføra doktorgraden ila 2017.
Trine Gjeraldstveit

Trine Gjeraldstveit

Legesekretær
Legesekretær med mange års erfaring frå sjukehus og no allmennmedisin. Ho har dessutan erfaring frå blant anna helse og omsorg i Voss Kommune. Begynte i 2011 på Vossevangen Legesenter. Spesielt ansvarsområde innafor administrasjon.
Anita Bø Røen

Anita Bø Røen

Sjukepleiar
Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukeheim, sjukehus og allmennmedisin. Ho har vore med sidan Vossevangen Legesenter starta opp i 2004. Hun har spesialkompetanse og erfaring innan kostveiledning og livsstilsendringar (bl.a. batchelor oppgåve om ernæring). Dessutan reisemedisinsk kompetanse.
Randi Eide Nesheim

Randi Eide Nesheim

Sjukepleiar
Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukehus og allmennmedisin. Begynte i praksisen til fastlege Bernt Dalltveit, som gikk av med pensjon i 2012. Ho har bl.a. god kompetanse innan sår/sårbehandling.
Bodil Hordvik

Bodil Hordvik

Helsesekretær
Helsesekretær med 3 års utdanning pluss mange års erfaring frå hudlege Danielsen på Voss, samt allmennmedisin. Spesialkompetanse på sårbehandling og hudsykdommer.
Ragnhild Raa Ravndal

Ragnhild Raa Ravndal

Sjukepleiar
Sjukepleiar med mange års erfaring frå sjukeheim og sjukehus. Ho har spesiell interesse og kompetanse innan astma/KOLS/lungesjukdomar.
Synnøve Grevle Vik

Synnøve Grevle Vik

Legesekretær
Legesekretær med over 25 års erfaring fra Jarle Tveit sitt legekontor på Voss. Flytta med dr Tveit i fusjonen av legekontor januar 2016.