Nyhende

Viktig informasjon

Legekontoret

FASTLEGEKRISE

Fastlegeordninga (FLO) er i  krise pga. sterkt auka arbeidspress dei siste åra jfr mange oppslag i media siste åra. Rekrutteringa sviktar, og erfarne fastlegar sluttar pga uhaldbare vilkår. Denne krisa har no også nådd Voss. Vi klarer ikkje lenger halda tritt med etterspurnaden etter fastlegetenester. Dette vil desverre pasientane i aukande grad merka: ein kan ikkje lenger rekna med å få time anna enn for strengt turvande legehjelp. Vi ynskjer sjølvsagt å ha nok tid til alle - men slik er det ikkje no. Vi jobbar så godt vi kan (gjennomsnittleg arb.veke for fastlegane i landet er no 55-60 timar + legevakter). Dette er uhaldbart - vi treng fleire fastlegar - men enno har ikkje stat/kommune føreteke grep som monnar. (Det er faktisk slik at om ikkje det skjer noko drastatisk forbetring ila kort tid no, er det fare for at fastlegeordninga bukkar under).

Vi ber om orsaking for at det er slik, men ansvaret ligg her hos stat/kommune. Hvis du vil klaga på dette: klag til kommunen/statsforvaltaren. Vi er ikkje mottakeleg for klager på dette – vi gjer så godt vi kan!