Det er avsett 15-20 min. til kvar konsultasjon. Tenk gjennom kva du ønskjer å diskutera i løpet av konsultasjonen.

Det er viktig at legen får forståelse av kva som er ditt problem. Dersom du vil ta opp fleire problem på denne tida, kan det verta vanskeleg å ta seg grundig nok av alle desse.

Enkelte problem kan det likevel gå kjapt å avklara, så dersom du har fleire problem, gje legen ein rask oversikt over kva du ønskjer å ta opp ved starten av konsultasjonen, og kva som er det viktigaste. Lag eventuelt ei hugseliste. På den måten er det mogeleg å utnytta tida best mogeleg. Det som det ev. ikkje blir tid til, kan takast opp i ein ny konsultasjon.

Ved øyeblikkeleg hjelp (ØH) – timar er det vanlegvis avsett kortare tid – 5-10 min.

Rutinar

Ventetid og prioritering.

Vi ønskjer å halda ventetida på venterommet kortast mogeleg, til det treng vi også dykkar hjelp.

I periodar vil det vera vanskeleg og halda ventetida på venterommet nede, pga. uføresette ting, som øyeblikkeleg hjelp, daglegevakt og innleggingar på sjukehus.

Vi ber om forståelse for dette.

Alle henvendelser til legesenteret vert mottekne av legemedarbeidar (sjukepleiar/legesekretær). Denne vil vurdera om henv. kan takast hand om av han/ho, eller om lege skal involverast, og grad av hast tiltrengjande.
Ved fagleg tvil vil legemedarbeidar konferera med lege.
Sjølv om vi kvar dag har avsett tid til ØH-timar, blir tildeling av akuttavtalar alltid ein balansegang mellom å hjelpa dei som er i ein vanskeleg situasjon eller er akutt sjuke, og å ta hensyn til dei som har gjort forhåndsavtalar.

Vi ber om forståing dersom du opplever forseinkingar. Ein annan gong kan det vera du som er sjuk eller i vanskar, og må ha akutthjelp på dagen eller på timen.